23. aug. 2019

Fredagsbok

Under ei veke sidan me kom heim, og eg har allereie hatt ei jobbveke med morgonskift. Har enno ikkje komme heilt i gong med rutinane igjen, for det har vore vedlikehaldsarbeid i svømmehallen, noko som vil seie at det har vore stengt for publikum. Me har rydda og vaska, fått i stand bassenget, liten vareopptelling og hatt eit personalmøte. Neste veke er det derimot i gong igjen med vanlege opningstider og full rulle. Sit her i sofaen, ute byrjar det å bli mørkt. Ikkje sånn veldig mørkt, det er framleis sommar og relativt lyst, men eg merkar at det byrjar å gå mot haust. Alltid litt vemodig. Tar difor fram ei bok og prøver å senke skuldrene. Høyrer på litt musikk, det er fredag og helg.

Legg igjen ein fin tanke