12. aug. 2019

Augneblink frå Sveriges største øy


Her på Gotland regnar det i dag, men me hadde superbra vêr i går, og skal vel difor ikkje klage. Ferja var framme halv elleve om morgonen på laurdag, så me hadde så å seie heile dagen på oss etter å ha køyrt i land. Traska rundt i Visby i fleire timar, såg på alle dei vakre, små husa og dei høge blomane, den store domkyrkja og den gamle bymuren. Elles har me få planar, me køyrer litt rundt og ser oss omkring. I går drog me ut til sørspissen av øya, nærmare bestemt ut til Holmhällar, for å få me oss dei spesielle raukane. Ein rauk er ei steinklippe forma av erosjon, og dei har mange av dei her på Gotland. Ordentleg kult! Ein artig loppis med ein menneskeglad katt var me også innom, og på vertshuset her me bur – Gula Hönan – er det ein flott hage og veldig god frukost. Ingen tvil om at me har det fint her ute, me slappar av med bøker om kvelden og har ferie.

Legg igjen ein fin tanke