24. aug. 2019

Fotografiska og Nobelmuseet

Førre gong me var i Stockholm, var det Djurgården som stod i fokus med Junibacken og Vasamuseet som to aktivitetar. Denne gongen hadde eg sett meg ut Fotografiska i tillegg til Millesgården. Museet har heile vegen fleire fotoutstillingar gåande, og me var der eit par timar, gjekk rundt og studerte bileta, tok det heile inn over oss. Den fyrste utstillinga me såg var "Memoria" av fotojournalisten James Nachtwey. Mange av bileta var sterke, frå krig og hungersnød, 9/11 og liknande situasjonar. Nokon av bileta var gav eit så stort inntrykk at tårene mine rann. Godt å etter kvart gå vidare til neste utstilling: "Light Within". Vincent Peters er ein kjent mote- og portrettfotograf som i denne utstillinga har møtt mange kjente personar og tatt forskjellige portrett av dei. Altså, lyssettinga, så vakker! Me såg også utstillinga "Sea of Artifacts" av Mandy Barker (veldig fascinerande sjølv om eg ikkje knipsa bilete) og "Vanishing Traces" av Scarlett Hooft Graafland med dei litt absurde motiva og den herlege fargebruken. 


Mannen min ønska å gå på Nobelmuseet (Nobel Prize Museum), og me sette av tid til å besøke det museet også. Museet ligg i finaste Gamla stan og er kanskje ikkje det aller største bygget for eit slikt museum. Ved noko av det som var utstilt blei det til at me gjekk litt i kø, men ikkje verre enn at det gjekk heilt greitt. Interessant å lese meir Alfred Nobels liv og arbeid, og Martin Luther King jr stod i fokus ved ein del av utsillinga. I ein form for skjener i taket gjekk det lappar hit og dit, lappar med bilete og tekst på av alle dei forskjellige personane som har vunne Nobelprisen opp gjennom åra, og då snakkar me om vinnarar i alle dei fem kategoriane – fred, fysikk, kjemi, medisin og litteratur – i tillegg til økonomiprisen til minne om Alfred Nobel som delast ut samstundes med dei andre prisane. Noko anna eg syntest var stilig inne på museet var at dei inni nokon monter hadde fått utstilt ein gjenstand relatert til ein vinnar og så stod det tekst om vinnaren og om denne gjenstanden. Eit lite eksperimentrom hadde dei også fått til, så her er det noko for ein kvar smak. To gode museum som eg absolutt anbefaler om du plutseleg er i Stockholm.

Legg igjen ein fin tanke