25. aug. 2019

Blomar, bøker og ei bra helg!

Ser det blir litt sein sundagsliste i dag, men betre seint enn aldri. Fem dagar med morgonvakt på jobb er over, og helga har vore akkurat passe med både avslapping og noko sosiale aktivitetar. Litt rart å komme tilbake på jobb med vanlege skift, men ikkje vanlege arbeidsoppgåver sidan me har hatt stengt for vedlikehald. På onsdag er det derimot i gong igjen (eg har fri i morgon og tysdag, slik eg pleier etter å ha gått morgonskiftet). Besøk hos ein kollega etter jobb, fest hos ei veninne i går med quiz og mange fine folk, tandemdresin på Ålgårdbanen og sundagsmiddag heime på Sola – dette er veka kort oppsummert sånn utanom jobb. Veldig mykje gøy! Okei, over til sjølve lista:

✦ Christie-boka i august var Barneselskapet, og eg las den ut blant epletrea på Gula Hönan
✦ villblomar langs grøftekanten i nærområdet vårt
✦ blå hortensia ved naboblokka
✦ ein golden retriever og ein katt, to ordenlege fine og søte bestevenar
✦ gå tur i Sørmarka i går og byrje å sjå haustfargane dukke opp
✦ besøke ein kollega etter jobb på tysdag med kaffi og prat i hengestol i ei hagestue
✦ sjå ein episode av Poldark og byrje på ein ny sesong av Shetland på NRK Nett-TV
✦ finne plass til dei små suvenirane eg tok me heim frå Sverige (likte særskilt Gotlandssauen)
✦ tandemdresin på Ålgårdbanen i dag saman med han der fine
✦ koseleg meg sundagsmiddag og feriebileteframvisning heime på Sola
✦ sitje ute på balkongen no i ettermiddag med kvar vår kjekke bok i fanget
✦ tilbakeblikk på ein fargerik og koseleg kafé i Østbanehallen og eit kult kafégolv i Stockholm
✦ "Ett sanningens innlägg från torpet" – eit herleg Gotlandsinnlegg inne hos Emma
✦ boka har kanskje ikkje tolt tidas tann, men likevel litt artig å lese Casino Royale
✦ bursdags- og innflyttingsfest ute på Engøy hos ei barndomsveninne
✦ og når me snakkar om James Bond-boka: sjå kva sete eg fekk tildelt på Gotlandsferja ;)
✦ dovendyr er så himla søte og artige, for berre sjå på desse kule her
✦ setje av nokre dagar i haust der me reiser opp til svigers

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

Som vanlig en kjempefin liste Silje ;) Hva syns dere forresten om Shetland? Vi er helt hekta. Jeg kjøpte de tre første sesongene på dvd i bursdagsgave til kjæresten i fjor, etter at vi hadde sett sesong 4 som påskekrim. Siden da har vi bare ventet og ventet på sesong 5. Og den syns vi virkelig innfrir. Jeg er SÅ fan av DI Perez. Ønsker deg en kjempefin uke ;)

Silje sa...

Du altså, takk <3 Lenge sidan eg har sett dei eldste sesongane av "Shetland", men eg har no likt den serie frå fyrste stund, og koser meg no med den nyaste sesongen. Liker også veldig godt "Vera", og har lese nokre av bøkene; "Vera" og "Shetland" er begge skrivne av krimforfattar Ann Cleeves. Britisk krim er den aller beste :D

Legg igjen ein fin tanke