5. aug. 2019

Dei fyrste dagane av Sverigeturen

To dagar i Stockholm er snart over, og me har verkeleg kost oss og opplevd ting i vårt eige tempo. Har ein heil dag i morgon også før me stikk vidare til neste plass. Over har eg plukka ut åtte bilete som viser noko av det me har gjort til no. Det øvste er frå Oslo S medan me stod og venta på toget, det andre biletet er tatt ut togvindauget rett etter at me hadde passert riksgrensa. Køyrde forbi ein fin togstasjon og resten av turen las me, sov litt og berre titta ut vindauget. I går traska me som nemnt litt rundt i byen, blant anna langs kanalen (eller sjøen om ein vil) der me såg nokre gjess og sånn der sopp som veks på tre. Hi, hi, små detaljar, veit du. Likte godt den lille marknaden i Hornstull og utpå kvelden åt me god mat på Vapiano, der me også åt for to år sidan. I dag har me vore innom to museum – Millesgården og Fotografiska – og me har lese i kvar vår bok medan me delte eit kakestykke og drakk kaffi. Ikkje noko stress eller hastverk her i garden. Berre eit par knips og augneblink frå Sveriges hovudstad, eit blogginnlegg med godt og blanda denne måndagen.

Legg igjen ein fin tanke