22. aug. 2019

Gatene og stemninga i Stockholm

Stockholm, og særskilt Gamla stan. Ein fin by, vakker by. Alle dei gamle bygga i sine herlege fargar og i flott arkitektur. Byen er for stor for meg til å kunne bu der til vanleg, og som Oslo er det mange plassar rundt om i byen der dei held på med byggearbeid, men samstundes er det eit eller anna ved Stockholm. Me var der for dryge to år sidan fyrste gongen, og eg har kanskje delt bilete som liknar. Men eg deler desse bileta likevel. Dei tronge gatene i Gamla stan, fargane, stemninga.

Toget var ikkje framme før nærmare halv tolv om natta. Difor hadde me valt eit hotell nær togstasjonen. Litt dyrt, så me budde ikkje der dei andre dagane, men er litt stas å kunne bu flott i ny og ne. Dusjen var i ein eigen klasse med blå fliser og lysekrone. Trappeoppgangen var nesten bygd i ein enkel art decostil med friske fargar, og frukosten var kjempebra! Mykje å velje mellom, eg hadde på meg blondeskjørt, golvet var kult og det blei ein liten croissant til kaffikopp nummer to.


Golvet på ein kafé me var innom, var også kult. Det same kan eg seie om tapetet på veggen i den same kaféen; alle detaljane og atmosfæren den veggen skaper. Sjølv om eg ikkje fant noko, var det kjekt å besøke konseptbutikken Swedish Nature Collaborations med mykje fint handverk og vintageting. Stakk også innom ein antikvitetsbutikk, for i butikkvindauget hadde dei krus og skål i Berså-serien av Stig Lindberg ved Gustavsbergs Porslinfabrik. Å, den serien er så fin, så fin, men også ganske dyr. Med andre ord: det blei berre med noko vindaugsshopping denne gongen.


Solnedgang i "söta brors" hovudstad. Også for to år sidan var det slik, kanskje får me får sjå ein neste gong også?! Sukk, vakkert var det i alle fall. Då me åt lunsj på Millesgården, sat me ute og plutseleg var det mange småfuglar rundt oss. Sjølv om dei var på jakt etter mat, var dei jo søte. Kaféturar blei det i løpet av ferien, og denne gode vaffelen og ein søt cappucino (ser du bjørnen?) måtte eg berre ta eit bilete av. Hi, hi! Ein bloggpost med diverse Stockholmbilete er ferdig.

Legg igjen ein fin tanke