16. aug. 2019

Raukar på Holmhällar

Naturen er ofte veldig fascinerande. På Gotland har dei fleire område fullt av det ein kallar rauk. Som eg så vidt nemnde tidlegare i veka, er ein rauk forma av erosjon. Erosjonen har oppstått fyrst og fremst på grunn av is, i tillegg til bølgekraft og havet. Me fekk med oss to slike område, og den fyrste me var på var ute og såg på, var Holmhällar. Området ligg nesten heilt ute på sørspissen av øya. Kjempefascinerande å gå rundt og sjå på desse steinformasjonane langt ut mot havet.


Ha, ha, det blåste ganske mykje, så det var umogleg å ikkje få hår i andletet! Men det gjorde ikkje noko særskilt, me er godt vande med vind – me bur jo faktisk i Stavanger ;) Nokon plassar var det hol tvers gjennom, og som dei turistane me var, måtte me jo stikke hovudet gjennom. Eller over ein av steinane, ordentleg "tittei". Og forresten: ser du fyrtårnet gjennom holet på biletet rett over?


Så lenge eg kan hugse, har eg vore gal etter stein ("steingalen", pun intended). Ved Holmhällar låg det stein på stein, mange av dei slipte og heilt runde. I tillegg såg svaberget marmorert ut og eg blei ståande ei stund og berre stirre på fargespelet, kjenne lukta av sjø, og høyre lyden av bølgene.

Legg igjen ein fin tanke