1. okt. 2018

Robin Hood's Bay og eit kjempekoseleg vertshus

Tar litt tid å lande etter ein slik konsert som den me hadde i går, men me kom oss no av garde til jobb i dag tidleg, begge to. Bra dag på jobb, og med andre ord ei god start på veka og på oktober generelt. Her på bloggen startar veka med ei lita reise tilbake Robin Hood's Bay. For etter å ha vore i Whitby, køyrde me vidare til fiskarlandsbyen med det kule namnet. Superbratt å gå frå parkeringa og ned til sjølve byen, men for ein søt by. Dei trange gatene, blomsterpotter overalt, det lille hotellet heilt nede ved sjøen. Hadde me hatt betre skotøy, hadde me nok gått ut på steinane slik andre gjorde. Nesten som ein slags stor steinstrand rett ved bykjernen. Dessverre var det koselege tehuset stengt då me byrja å gå opp til bilen, men altså, kan me ikkje få fleire slike plassar her i byen?!


Til slutt køyrde me det lille stykket frå Robin Hood's Bay til Scalby, som ligg i Scarborough. Ikkje midt i sjølve byen, men berre ti minutt unna med bil. Det var her me skulle overnatte, nærmare bestemt på Holly Croft. Eg veit ikkje heilt om eg skal kalle det vertshus eller B&B, men det er i alle fall eit viktoriansk hus med to rom (fire overnattingsplassar). Huset er også heimen til ekteparet som driv plassen. Me fann Holly Croft i boka Alastair Sawday's Special Places to Stay: British Bed & Breakfast; ein kan også sjekke ut nettsida med same namn. For ein nydeleg plass. Kjempefin hage, luksuriøst rom og me blei møtt med heimelaga scones og te servert på eit nydeleg servise. Vertane John og Christine er superhyggelege og me følte oss som heime, akkurat slik dei sa at me skulle. Middagen åt me på The Plough, ein koseleg restaurant som låg berre eit par minutt unna. Til fots, faktisk. Herleg stemning, god middag og eg fekk også smake Yorkshire pudding. På veg heim såg eg dette huset, så typisk britisk (og veldig fint med lys i vindauga mot den mørkeblå himmelen). Sov godt den natta. Morgonen etterpå fekk me servert ein ypperleg frukost med blant anna heimelaga syltetøy. Kjempebra start på dagen, hatten av for denne fine overnattingsplassen!

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Sukk, kjenner at hjertet lengter etter Storbritannia av å se bildene fra turen deres ... Og den hagen da! <3

Silje sa...

Lengtar tilbake sjølv, må få seie det <3 Er ikkje ferdig med Storbritannia, det er nå i alle fall sikkert og visst :D

Legg igjen ein fin tanke