16. okt. 2018

Koseleg museum i ein liten, engelsk landsby

Det var måndag då me kom fram til Cawood Castle. Dagen etter, altså tysdagen den veka, bestemte me oss for å køyre ut til Haworth, rett vest for Cawood. I Haworh ligg nemleg huset der Brontë-familien vaks opp, du veit søstrene Charlotte, Emily og Anne som skreiv Jane Eyre, Wuthering Heights og The Tenant of Wildfell Hall, og broren deira Branwell som teikna og skreiv dikt. Tok ein dryg time å køyre ut, men vel framme såg me familiehuset stå der, så flott og koseleg. Rett i nærleiken traff me forresten ein fin grå katt som sat på ein liten mur og ein hane ute på vift.


Huset er no eit museum – Brontë Parsonage Museum – og sjølv om eg ikkje har lese alle bøkene, synest eg det var interessant å gå rundt og titte på originale manus, kleda dei gjekk med, alle dei gamle møbla og lære meir om familien (for eg er jo glad i slike detaljar). Dei blei jo ikkje gamle nokon av dei, men trass i deira unge alder, står verka dei skreiv igjen som verdskjente klassikarar.


Klokka var vel halv ett eller noko slikt då me var ferdige på museet. Åt ein enkel lunsj i bilen før me nok ein gong sette oss godt til rette og køyrde vidare. Me hadde nemleg ein plass til me ønskja å besøke før me tok kvelden. Såg eit artig køyretøy rett foran oss; ein liten bil med "coffee & cakes". Hi, hi, ein slags rullande kafé ute på motorvegen. Turen tok oss gjennom små landsbyar og vakre sletter. Kjenner eg saknar det landskapet i ny og ne, for slettene og lyngheiene ute i Yorkshire er noko av det finaste eg har sett. Joda, er jo veldig glad i våre høge fjell og ville natur, men det er fint å sjå noko anna også. Kontrastar mellom det flate og det spisse, det mjuke og det ville.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Så morsomt! Fint at det og andre lignende hus blir tatt vare på, synes jeg. Kunne godt tenkt meg å besøke Brontë-hjemmet, og Jane Austens hjem. Det hadde vært stas!

Silje sa...

Brontë-heimen kan eg varmt anbefale vidare om du plutseleg er i området. Stort er det ikkje, men i mine auge er små museum vel så bra som store. Austen sin heim står på lista til ein annan gong ^^

Legg igjen ein fin tanke