14. okt. 2018

Haustlys, haustferie og haustvêr

Haustferie her i byen denne veka, og som vanleg har det vore forskjellige arrangement for skolebarn på jobb: teikneserieworkshop, kodeklubb og FIFA-turnering. Eg har hatt vakter både på Madla og i byen, tatt buss og sykla (vêret har vore alt frå øsande regn til tjue grader og sol), lese mykje, kafétur og afternoon tea og ein herleg, liten gåtur då vêret var på sitt beste på torsdag. Kjekke ting og tang, men det har gått i eitt, så kjenner det var godt å ha ein ordentleg fridag i dag, ein sundag utan noko på tapetet. Starta dagen med god frukost og resten av timane har eg brukt til å drikke kaffi og lese i ei ny bok. Bittelitt husarbeid blei det også tid til, men elles var det senka skuldre og eit roleg tempo. Ser forresten at det blei eit blogginnlegg kvar dag denne veka. Håper ikkje det blir altfor mykje ;) Ei ny veke er snart i gong, så det er på tide å leggje ut sundagslista:

✦ tilbakeblikk til ein god lesestol, kaffi i ein pen kopp og den underfundige boka Med livet foran seg
✦ kafétur etter jobb på fredag saman med ei av mine beste veninner
✦ diggar denne idéen, nemleg å servere restemat i bryllaup
✦ oktobersola som skein gjennom haustblada oppe ved Vålandstårnet
✦ gå ein liten tur etter jobb i herleg haustsol, hand i hand med mannen min
✦ afternoon tea med ein kjempefin gjeng etter jobb i går.
✦ joda, eg veit dei blir større, men tenk å ha ein minigris springande rundt i stova – så søte
✦ følgje med på interiørprogrammet Eventyrlig oppussing
✦ den raude fargen og den kvite "innramminga" på eit bygg nesten midt i byen
✦ høyre på to spor frå Fantastic Beasts II, gleder meg til å sjå filmen og høyre resten av musikken
✦ fine og koselege kommentarar som blir skrive her på bloggen
✦ måtte ta bilete av denne boka sidan det var ein tuba på forsida; det er jo det mannen min speler
✦ kjekke arrangement på jobb
✦ blir så glad av ei sterke haustfargane, dei held meg oppe når det regnar som verst ute
✦ eg slukte Jenta som ble igjen på toget førre helg, ei tjukk bok full av sårheit og varme
✦ Synne har her funne gamle bilete frå arkivet til bymuseet i Oslo, rett og slett stilig å sjå
✦ gult haustlauv, brunt haustlauv og nye gummistøvlar ved Breiavatnet på veg til jobb

Legg igjen ein fin tanke