20. okt. 2018
"Operafantomet, han er her" 🎭
Laurdag er her. Eg er på jobb, men laurdag for akkurat to veker sidan var me i Oslo for å sjå The Phantom of the Opera, altså sjølvaste Operafantomet, på Folketeateret. Det var den femte musikalen på rad produsert av Scenekvelder sett på Folketeateret for min del. Nok ein gong ei kjempebra forestilling: råbra songprestasjonar, fantastiske kulissar (sjekk ut den lysekrona), dyktige musikarar og alt berre supert gjennomført! I løpet av dei siste ti åra, har det blitt nokre musikalar, ingen tvil om det. Musikalar er berre så gøy! Har programhefta til dei aller fleste, men veit at eg manglar frå den fyrste han og eg såg saman, nemleg Little Shop of Horrors på Rogaland Teater i 2010. Hi, hi, eg hugsar framleis stemma til Audrey II i den oppsettinga! Vanskeleg å plukke ut den beste musikalen eg har sett live, men å gråte til opningssongen i The Lion King for seks år sidan, le meg gjennom heile The Book of Mormon eller å berre sitje og nyte den fyrste opplevinga på Folketeateret, som då var Billy Elliot, sit alle igjen som kjempeflotte minne. Gleder meg til endå fleire: i desember blir det The Book of Mormon (nok ein gong) i Oslo, i februar Grease her i byen og neste haust The Sound of Music, den neste musikaloppsettinga med Scenekvelder. Hei, hurra!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Av disse har jeg bare sett The Lion King på scenen, hehe. Så gøy at dere ser så mange musikaler! Fint å ta vare på programmene også, blir fine minner i ettertid :)
Veit ikkje kor mange år eg har vore fan av musikalar, men det er gaaanske mange ;) Så mange kjekke opplevingar å tenkje tilbake på, og programhefta er absolutt fine minne :D
Legg igjen ein fin tanke