12. okt. 2018

Gyllent lys over byen vår

Lyset no om hausten. Sola som skin på dei gylne blada på trea slik at dei blir endå meir gylne. Brune, gule og grøne. Sukk. Blir aldri lei. I går og på onsdag var vêret her i byen berre heilt fantastisk, temperaturen var opp mot tjue grader. Og det nesten midtvegs i oktober.


Gjekk ein liten tur opp til Vålandstårnet i går, hand i hand. Av og til er det nok å berre komme seg ut; turen treng ikkje å vere så lang. Har sett utsikta mange gongar før, men det var ei stund sidan sist, og den var ekstra fin med oktoberlyset og haustfargane. Glad i byen vår. Tenkjer det blir ein roleg fredag sidan eg skal jobbe i morgon i tillegg til noko sosialt på kvelden. Lag deg ei flott helg!

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Åh, sukk, så vakkert! God helg, Silje <3

Silje sa...

Smiler av dine kommentarar ^^ God helg til deg også, kjære Ida <3

Legg igjen ein fin tanke