5. okt. 2018

Scarborough og marknadsbyen Helmsley

Sit vel snart på toget no når dette innlegget kjem ut her på bloggen. Me er nemleg på veg til Oslo for å sjå eit visst fantom på Folketeateret. Gleder meg! Dei to bileta rett over er tatt i Scarborough. Etter å ha overnatta på Holly Croft, køyrde me bort til Scarborough. Eg har faktisk vore der ein gong før, på ein korpsfestival i 2003, men må innrømme at eg ikkje hugsar så mykje. Han fine og eg tok no turen opp til slottet i byen. Fin utsikt over stranda kor det akkurat då var fjære.


Slottsruinane var ikkje like vakre og storslåtte som klosterruinane i Whitby, men me liker no å sjå på slike gamle, historiske bygg og det var dimed likevel kjekt og interessant å få med oss dette bygget på toppen av Scarborough. Slottet blei bygd i mellomalderen og har ei lang historie, blant anna i forskjellige krigar. Han gjekk rundt med ein audioguide medan eg las plansjane som eg såg rundt omkring. Kvar vår måte å lære på ;) Blåste friskt på toppen, så etter å ha vore ute ei stund, gjekk me inn i den lille kaféen for å varme oss, og der drakk me kvar vår kopp med kaffi.


Etter kaffien, gjekk me frå slottet og ned til byen. Me hadde ingen plan på kva me ville anna enn å sjå byen. Scarborough er den største feriebyen i North Yorkshire og er ein fargerik by med mange små buer, slike som du finn i moroparkar med berg-og-dal-baner og karusellar. Eit herleg pariserhjul nede ved hamna såg me også. Det var jo ein vanleg måndag, så for det meste var det oss og pensjonistane som var ute på tur ;) Såg ein blå politiboks, ein slik dei bruker i serien Dr. Who, og sjølv om eg ikkje følg med på serien, synest eg det var artig og knipsa eit bilete. Fann etter kvart marknadshallen i byen (altså, berre sjå på bygninga, er den ikkje nydeleg?!) og der inne var det mykje rart. Før me drog frå Scarborough, åt me lunsj på ein kafé med utsikt over stranda.


I reiseguiden eg hadde lånt på biblioteket før me reiste, hadde eg sett at me på vegen mellom Scarborough og Selby kunne besøke marknadsbyen Helmsley. Men eg hadde ikkje lese så mykje meir om byen, så også her parkerte me bilen og berre byrja å gå litt rundt. Tilfeldigvis var det ei brukskunstmesse der den dagen og der inne fann me eit herleg bilete av nokre kule  sauar av rasen Valais Blacknose. Får vise det biletet seinare, men her kan du sjå kor kul sjølve rasen er. Ein blomsterbutikk på eit hjørne midt i sentrum, murhus på rekkje og rad og kvite hus med svarte planker som lager mønster, akkurat slik det skal vere i ein engelsk liten by. Stakk hovudet innom ein liten butikk der dei hadde ei eiga hylle med sauemønster. Hi, hi, stilig! Måtte rett og slett kjøpe ei pakke med serviettar, for mønsteret var så kult. Då klokka byrja å nærme seg fem, fann me ut at det var på tide å køyre vidare, for det var den kvelden me skulle køyre til Cawood Castle, eit av reisens store høgdepunkt. På vegen passerte me Castle Howard. Blei ikkje noko stopp her, men det var likevel ei litt majestetisk kjensle då me køyrde gjennom slottsmuren. Og neste stopp: Selby.

Legg igjen ein fin tanke