31. okt. 2018
Fire bilete seint utpå kvelden
Sidan me var på hytta i helga, blei det som nemnt inga sundagsliste. Deler difor eit par bilete no i kveld, bilete som skulle ha vore med på sundagslista førre veke. Til ungdommen av Linn Skåber og Lisa Aisato har eg allereie skrive om, men det er ei bok eg berre må nemne endå ei gong. Ei bok eg varmt anbefaler til alle, ikkje berre til ungdommar. Og ikkje minst å sitje på kafé og lese ut dei siste sidene om Eleanor Oliphant i Eleanor Oliphant is Completely Fine. Boka handlar om Eleanor som har hatt ein tøff barndom og som difor ikkje har dei same sosiale antennene som andre. Så varmt og godt skrive om depresjon, og det å vere einsam og om det å få nye venar – eg rett og slett lo og gret om kvarandre. Les den! Ein av dagane gjekk eg med T-skjorte og cardigan kjøpt på ein bruktbutikk i Moncton og smykke laga av steinslipt glasbrot. Bak på døra kan ein skimte den hengjande bileteramma laga av greiner; med andre ord ordentleg bruktfunn og gjenbruk. Det siste biletet, det av dei vakre flisene, såg eg på ein restaurant i England, så det er jo ikkje frå førre veke. Men eg tok eit lite tilbakeblikk med dette biletet då, så difor blir det med her ;) Her i byen har eg i dag vore på eit jobbmøte, rydda på plass ein del bøker og hatt den vanlege seinvakta.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Legg igjen ein fin tanke