"I'm so glad I live in a world where there are Octobers" (Anne i den fyrste boka). Så rart, vemodig og fint å vere ferdig med Anne of Green Gables-serien. Rilla of Ingleside er den åttande og siste i serien. I boka får me vite meir om yngstebarnet til Anne og Gilbert, Rilla og korleis ho og familien opplever fyrste verdskrig. Sjølv om den handlar mest om Rilla og dei andre barna, koste eg meg også med å lese denne boka. Eg har lese dei åtte bøkene i serien kronologisk, altså etter kva alder Anne er i bøkene, og ikkje etter kva år dei blei gitt ut. Heldigvis har eg framleis til gode å lese The Blythes Are Quoted, Chronicles of Avonlea og Further Chronicles of Avonlea, alle bøker der mange av karakterane er med vidare i små forteljingar, men i mindre grad enn dei åtte eg allereie har lese. Og så har eg The Landscapes of Anne of Green Gables og så klart filmane med Megan Follows i hovudrolla, filmane som for meg starta det heile. Fann nokre fine og herlege sitat i den siste boka:
"[...] Father says she looked him into love with her years ago in Avonlea school and I can well believe it – though I have heard a weird tale of her banging him over the head with a slate at the very beginning of their acquaintance." (s. 136).
"The station agent had heard the story of Dog Monday. He knew now who the returned soldier was. Dog Monday's long vigil was ended. Jem Blythe had come home." (s. 435).
"Beyond was the sea in a radiance that glowed and shimmered, to the left the moonlit crests and hollows of the sand-dunes, to the right the rocky shore with its inky shadows and its crystalline coves." (s. 43).
Ikkje akkurat no, med ein gong, men dette er ein serie eg gjerne les fleire gongar. I alle fall dei fyrste i serien, for det er nok dei eg har likt aller, aller best. Filmane har eg ståande i bokhylla, akkurat som med bøkene. Dei kan eg kose meg med på mørke haustdagar. Eller kanskje i jula :)
Legg igjen ein fin tanke