11. okt. 2018

Vårt eige lille Downton Abbey

"Vår bustad dei neste dagane. Cawood Castle i Cawood, Selby, er eit lite slott som er restaurert. Erkebiskopane av York budde her frå 1200-talet og kongelege som Henry III, Edward I og hans kone Margaret har alle budd her i kortare periodar. Ja, til og med Henry VIII og hans kone (ei av dei) Catherine Howard budde her i to dagar. The Landmark Trust byrja å restaurere bygget i 1985, og i 1988 stod det ferdig. Vårt eige lille Downton Abbey for nokre dagar". Dette skreiv eg på Instagram rett etter at me hadde komme fram til Cawood Castle, i Selby ikkje så langt frå York.


Trur me begge var mållause då me fyrst såg oss omkring i slottet. Nesten litt for stort når det berre var oss to, men likevel så stilig å bu slik for nokre dagar. Når du leiger hos The Landmark Trust, blir du møtt med oppreidde senger, det finaste teserviset, fullt utstyrt kjøkken og ein perm med diverse informasjon. Mat, drikke og toalettartiklar (om ein ser bort frå toalettpapir og handdukar) må ein fikse sjølv, men det gjekk heilt fint. For oss blei dette ei kjempebra oppleving! Himmelseng og gode lesestolar foran peisen, ein (nesten) hemmeleg dør og eit koseleg, lite bad midt i mellom to etasjar.


Om nokon lurer, så er det berre den eine delen av slottet som er restaurert, og det er den delen med tårnet på. Ei smal vindeltrapp midt i bygget går mellom etasjane og mellom etasjane finn ein eit lite toalett (ned mot kjellaren) og som nemnt eit bad (opp mot andre etasje). Andre etasje er eit stort soverom, men me enda opp med å sove i himmelsenga i det som ein sånn sett vil kalle stova. Måtte jo opp på taket og sjå korleis det såg ut der. Ikkje akkurat sol og sommar den dagen me kom, så akkurat då blei det med svippturen. På denne plassen slappa me av, las mykje og tok livet med ro.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Så utrolig kult! Stas å kunne bo i et så historisk og flott bygg.

Silje sa...

Kan absolutt anbefale ein slik ferie! Flott bygg, mykje historie og null internett/TV. Herleg å berre slappe av, lese mykje, ta ordentleg fri :)

Legg igjen ein fin tanke