Å drikke morgonkaffien eller ettermiddagsteen ved dette vindauget. Vindauga inne på Cawood Castle er noko for seg sjølv, og eg blei forelska. Sprossene som er forma slik at dei dannar eit rutemønster, ornamenta heilt øvst og den bua fasongen. Den djupe vindaugskarmen og dei lange gardinene med eit mønster som passar perfekt til bygget. Å lese i gjestebøkene som går heilt tilbake til dei fyrste åra etter at slottet var restaurert. Ingen tvil om at historia er godt bevart.
Me budde der "berre" i tre dagar og prøvde difor å kjøpe mat som det gjekk an å bruke opp. Laga dimed heilt enkel pastamiddag med kjøttdeig i tomatsaus og salat ved sidan av to av dagane. Om kveldane drakk me te, skreiv eit par postkort og las i kvar vår bok. Det blei mykje lesing og det gjorde så godt. Null nett eller TV som distraherte oss, berre oss i godstolen og ei god bok i fanget. Her tok me verkeleg ferie. Var jo oppe og tok eit bilete av det "ordentlege soverommet" sjølv om me altså sov i himmelsenga i stova. Me var einige i at det hadde vore kult å ta rommet i bruk, men for det fyrste var det noko med å varme opp alle romma og for det andre var det koselegare med himmelseng og gode lesestolar der me skulle sove. Kjøpte forresten nokre sjokoladar i nydeleg innpakking; biletet er tatt her heime, men me hadde noko søtt attåt teen om kvelden der borte.
Ein av dagane fekk me sol og nesten sommar, så etter å ha vore ute på ein liten utflukt, slappa me av oppe på taket i kvar vår solstol. Koseleg å sitje der, oppe på slottstaket og kjenne sola varme. Finfin utsikt over den lille landsbyen med alle dei rustraude hustaka. Hygge. Ordentleg feriehygge
Legg igjen ein fin tanke