22. okt. 2018

Blomar i fleng ved Newby Hall

Ikkje like fin måndagskveld no i dag som den me hadde førre veke med nydeleg, rosa solnedgang over hustaka. Akkurat no regnar det ute, det regnar ned i bøtter og spann. Ordentleg grått haustvêr. Me var i alle fall mykje heldigare med vêret då me besøkte Newby Hall. Sjølv om me ikkje var inne i huset, måtte me jo bort for å sjå det utanfrå. Staseleg hus med ein dansande statue i ein liten vassdam rett utanfor. Fann også ein svææær stol som han berre måtte prøve å sitje på ;) Flott å gå opp mot huset, på det grønaste graset med fargerike blomar både til høgre og til venstre.


La merke til mange detaljar og det var herleg å berre ta oss tid til å gå rundt og titte, nyte det å ha ferie. Eit nydeleg tak inne i ein liten paviljong, fareskilt med varsel om tog, for ein kan køyre ein tur med miniatyrtog i hagen, såg ein admiral (sommarfuglen) og me fekk også auge på to svarte svaner.


Seier ikkje "nei, takk" til ein slik hage. Som ein kan oppleve og besøke, vel å merke, me kunne ikkje ha hatt ein slik sjølv. Eg vil nemleg ikkje påstå at eg har grøne fingrar. Men som sagt, å kunne besøke ein slik plass, ta inn alle fargane, berre slappe av, akkurat det gjer eg gjerne oftare.

Legg igjen ein fin tanke