21. okt. 2018

Oktoberveke full av flotte kvardagar

Sjølv om det ikkje ser slik ut på bileta, har eg lese mykje denne veka, har verkeleg kost meg med bøkene. For ja, eg les ofte to-tre bøker om gongen ;) Eg vil påstå at dette har vore ei nokså vanleg veke. Så kjem vel spørsmålet om kva ei vanleg eller normal veke eigentleg er. Skal ikkje ta ein lang diskusjon no, men det eg meiner er at det ikkje har vore nokre arrangement på jobb, ikkje konsertar eller kafébesøk, rett og slett ei veke med mykje kvardag. Kvardagen med gode bøker og kjekke dagar på jobb. Fekk ei vond melding på tysdag frå ei god veninne om at hennar far gjekk bort den dagen. Det har difor også vore nokre mindre fine stunder. Men skal møte ho og ei anna god veninne på onsdag, og det trur eg kjem til å gjere godt. Har hatt ein roleg sundag etter å ha jobba i går. Lesing og kaffi (og litt husarbeid). Mørkt ute her no, og snart byrjar ei ny veke:

✦ framleis fint og herleg å sjå dei vakre haustfargane
✦ så kult å lese at Lush opnar butikk her i Stavanger, og det på Amfi Madla
✦ vemodig og fint å lese ut den siste Anne-boka: Rilla of Ingleside
✦ denne søte kattungen, så liten og nusseleg og med namnet Thumbelina
✦ å komme i gong med nye notar og nytt prosjekt saman med orkesteret
✦ oktoberlyset gjennom takvindauga på jobb
✦ og oktoberlyset gjennom haustblada på trea ved Mosvatnet
✦ "River Flows in Africa" – ordentleg fin Yiruma/Toto mashup på piano
✦ nydeleg solnedgang over hustaka på måndag
✦ vassdammen som blei til ein spegel for tre og lauv
✦ sjå ferdig den artige og underfundige serien Dirk Gently's Holistic Detective Agency
✦ "Unsung heroes: Regulus Black" inne på Pottermore
✦ tre rådyr på ein haug då eg sykla til jobben i går
✦ haustlys, blå himmel og eit flott bygg omtrent midt i sentrum
✦ solnedgang ved Mosvatnet etter seinvakta på onsdag
✦ morosamt å lese om "Hercule Poirot's sidekicks"
✦ boka var kanskje betre, men likte filmen The Guernsey Literary & Potato Peel Pie Society
✦ stilig med fargerike mopedar på parkeringa utanfor jobben

Legg igjen ein fin tanke