7. okt. 2018

Operafantomet og mykje lesing i byrjinga av oktober

Trur eg tinga billettane i mars i fjor, det vil seie over halvtanna år før forestillinga. No er den over, men det var verkeleg verdt ventetida. Eg snakkar jo så klart om Operafantomet på Folketeateret. I og med at dette ikkje er den musikalen eg har eit veldig stort forhold til, hadde eg ikkje så mange forventningar, men eg blei veldig positivt overraska. Har jo likt alle oppsettinga til Scenekvelder før, altså, men for nokre prestasjonar, storslåtte kulissar og eit bra orkester. To tomlar høgt opp! Elles i veka har det vore jobb og lesing. Fekk unnagjort nokre ærend då me hadde orkesterfri på tysdag, så no har eg endeleg gummistøvlar på plass (det må jo til når ein bur på Vestlandet...). Togtur, fint haustvêr og musikal i helga. Den fyrste veka i oktober har med andre ord vore bra:

✦ ingen tvil: vekas høgdepunkt var å sjå The Phantom of the Opera på Folketeateret
✦ starte dagen med å lese i ei bok, får så mykje ro og glede av det
✦ herleg video med "Puppies Learning How To Dog" ;)
✦ bu hos onkelen min og sambuaren hans no i helga då me var i Oslo, god prat og god mat
✦ høyre ein av songane til Glen Hansard i Clas Ohlson-butikken her i nærleiken
✦ treffe på eit venepar frå Agder Brass på toget på veg til Oslo – superhyggeleg å slå av ein prat
✦ at det framleis er fine haustfargar å sjå langs turløypa ved Mosvatnet
✦ sjå ein Heartbeat-episode etter jobb ein av dagane
✦ "Tanker om å bygge et sakte hjem" – nok eit reflekterande innlegg inne hos Julianne
✦ endå ei veke med der ein tur med bussen kosta 1 krone
✦ nye gummistøvlar
✦ bruke mesteparten av tida på toget til å lese
✦ sollyset inn i stova vår, like fint kvar gong det skjer, anten det er morgon eller kveld
✦ gå tur med mannen min og onkelen min rett ved Frognerseteren, sjå dei vakraste haustfargane
✦ denne passar jo godt no: temaet frå The Phantom of the Opera med Prague Cello Quartet
✦ setje av litt tid på toget til å sjå ein episode av Six Feet Under
✦ likte den lågmælte tonen i Heivolls nye roman Sang for sekstiåtte forrædere

Legg igjen ein fin tanke