10. okt. 2018

Spasertur blant dei sterkaste haustfargane

Ute på ein grussti, rett ved Frognerseteren og Holmenkollen. På laurdag hadde me få planar, var vel eigentleg berre musikalen på kveldstid som faktisk stod på programmet. Sto opp halvseint, åt god frukost (varmt, heimebakt brød) og slappa av. Etter kvart tok me på oss yttertøy, tok trikken ned til Jernbanetorget og T-bana vidare til Frogneresteren. Kaffi og god lunsj, og for ein flott plass! Må vel seie at det var stas å vere der. Etterpå traska me ein akkurat passe tur i nærleiken av akebakken Korketrekkeren. Eg veit eg allereie har delt haustbilete her dei siste vekene, men altså, sjekk ut fargane i dette området. Raud og gult og oransje og grønt, så sterke og friske. Det går ikkje an å bli lei av haustfargane. På grå dagar som den i går og måndag varmar dette litt ekstra.

Legg igjen ein fin tanke