3. okt. 2018

Ekte britisk landsbyliv

Ein kopp med te og Heartbeat på TV-skjermen. Då er eg nøgd. Ingen tvil om at det var stor stas å besøke Goathland og Whitby for berre ein snau månad sidan. Kjøpte eit postkort og ein fin keramisk magnet då me var der. Den magneten der det står "Aidensfield Post Office" var tidlegare mormor sin; ho var der borte ein gong på midten av 2000-talet. Eg veit at serien er gammal og ikkje "på moten" lenger (okei, NRK sender stadig episodane i reprise), men kva gjer vel det så lenge eg koser meg med den?! Ingen verdens ting. Intromusikken, 60-talsstilen, karakterane. Herleg å kunne slappe av med denne serien etter seinvakta på jobb, ekte hygge med britisk landsbyliv.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Heartbeat er nostalgi for min del. Vi så det hver lørdag da jeg var liten og det toppet seg med tur til Goathland og Whitby da jeg gikk på ungdomsskolen. Nå dro vi jo ikke dit kun for å gå i Heartbeat sine fotspor da, det var bare en liten bonus. Men nå er det mange år siden jeg så en episode sist. Lurer på om de aller eldste episodene ligger ute på NRK nett-tv ...

Silje sa...

Veldig nostalgi for min del også, for me såg også denne serien på NRK kvar lørdag. Veit ikkje om dei eldste episodane ligg ute, men veit at dei sender i reprise ein episode (omtrent) kvar dag. Må seie det var stas å besøke Goathland og Whitby, og det er vel ikkje hemmeleg at me reiste der mykje på grunn av serien ;) Tihi!

Legg igjen ein fin tanke