15. okt. 2018

Liten rapport på ein måndag

Kjennest nesten ut som om det berre går i bøker, kaffi og haustfargar for tida. Det er jo ikkje heilt tilfelle, men at eg bruker ein god del tid på desse tinga, det er nok heilt sant. Las nyleg ut Ingenlund: Morrigans forbannelse. Eg storkoste meg! Er ikkje heilt fan av at nyare fantasybøker for barn på mellomtrinnet heile vegen skal bli samanlikna med Harry Potter-universet eller at dei faktisk blir kalla "den nye Harry Potter". Kan ikkje ei bok berre få lov til å leve sitt liv utan å bli samanlikna? Joda, det er jo for å selje boka, men då blir ofte forventningane desto større. Uansett, eg klarte å leggje vekk dei fleste assosiasjonane til HP og las boka slik den var (og er). Og så mykje kan eg seie: eg gleder meg veldig til å lese bok nr. to i serien. Likte karakterane og handlinga og eg synest forfattaren har klart å skape eit eige univers. Oi, skreiv visst meir om boka enn det eg hadde tenkt ;) På veg frå jobben på fredag måtte eg stoppe ein liten augneblink for å ta bilete av stien langs Mosvatnet. Alt det gylne lauvet på bakken, lauv som lyser opp og gir farge til den grå grusen. Og den same gylne fargen på mange av trea, tett i tett med tre som enno er litt grøne. Innimellom grå dagar med mykje regn, er det fint å kunne sykle til jobb og nyte naturens vakre fargar.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Enig i det du skriver om Nevermoor. La bøkene stå på egne bein, den er absolutt god nok. Likte den godt, jeg også. :) Håper du får en fin uke <3

Silje sa...

Ja, som eg skreiv så storkoste eg meg når eg fyrst kom i gong og las den som ei eiga bok, utan å tenkje for mykje på Hogwarts og alle folka der ;) Takk det same, fining <3

Legg igjen ein fin tanke