8. okt. 2018

Å sitje på toget og berre slappe av

Lang dag med vakt fram til sju. Men det har no vore ein kjekk dag med litt av kvart på programmet. Gjorde godt med togtur i helga. Heilt greitt at internettet ikkje fungerer optimalt heile vegen, for eg fann leseroa. Las ut resten av ei bok i løpet av turen bort. Eller, det vil seie, eg hadde lese rundt åtti sider før turen og las ut dei resterande 450 sidene. Så herleg! Kaffi på termos var også med. Ute køyrde me forbi spegelblanke vatn og togskjener i ein rustraud farge. Å ta toget, altså ♡


Både til Oslo og frå Oslo hadde me bra vêr. Sat ikkje framme med spegelrefleksen heile vegen, men fekk fanga to bilete med mobilen av det nydelege vêret, eitt den eine vegen og eitt den andre vegen. Blå himmel så langt auget kunne sjå, trea som spegla seg i vatnet, dei gylne haustfargane og lyden av toget som tøffa av garde. Slike turar senker skuldrene og gjer godt etter ei travel veke.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Så fine bilder! Å ta tog er virkelig en fin måte å få sett mer av landet på.

Silje sa...

Me kjem definitivt til å reise meir med toget. Å sleppe alt stresset på flyplassen, berre setje seg godt til rette med ei bok og senke skuldrene og nyte det vakre landskapet :) Litt verre når me skal til svigers, då blir det fort fly sidan det tar laaang tid med buss heile vegen eller buss til Bergen og så hurtigruta. Men så klart, veldig herleg og fint å reise langsamt når me har moglegheita, og særskilt til Oslo sidan det då berre er ein togtur, omtrent frå dør til dør ^^

Legg igjen ein fin tanke