26. okt. 2018
Til ungdommen
"Å, endå fleire bøker", tenkjer du sikkert no. Men boka Til ungdommen må eg berre skrive eit innlegg om. Linn Skåber har prata med mange ungdommar og har i denne boka sett saman tekster med utgangspunkt i desse samtalene. Om venskap og kjærleik, mobbing og karakterpress og ikkje minst om overgangen mellom barn og vaksen. Mange små tekster, eller monologar som det står utanpå boka. Det er godt skrive og illustrasjonane til Lisa Aisato er berre nydelege. Tekstene og illustrasjonane saman gjer dette til ei veldig god bok som er lett å lese, men som likevel set spor. Den gir ungdommane ei stemme og set ord på kjensler mange av oss nok kjenner igjen.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Legg igjen ein fin tanke