16. juli 2016

Bokbyen 📙📚

For dei som lurer, så er me i bartebyen akkurat no (det vil seie Trondheim). Me kom hit i går etter å overnatta på Håholmen Havstuer ved Atlanterhavsvegen. For ein fantastisk fin plass! Meir om det seinare, for no er det eit tilbakeblikk på måndagen i Bokbyen. Her var det så utruleg mykje å sjå og mange bøker å velje mellom. Alt frå barnebøker til lyrikk, historiebøker og kokebøker. Og så mange kule bokutsal: telefonkiosk, sjøbu og busshaldeplass. Kunne gjerne ha vore her minst endå ein dag!


Slik som dette såg det ut inne i Sjøbui. Lyrikk, krim og norske forfattarar.


Bøker på bøker på bøker. Antikvariatet på kaia var, og er, ganske så svært, så svært at ein nesten kan gå seg vill. Okei, berre nesten, men eg liker eigentleg tanken om å kunne gå seg vill blant alle dei gode, fine og gamle bøkene. Kjenne duften av bøker. Drøyme seg vekk med ei god historie.


Viss det skulle vere noko som helst tvil, så er det ein av oss som er over gjennomsnittet glad i Agatha Christie. Krimdronningen av krimdronningar med Poirot og miss Marple i spissen. Og sjølv om me ikkje budde på Hotel Mundal, måtte eg jo berre ta eit bilete, for fint er det. Ein og annan gammal stol såg me inne i bokbutikkane, og denne kua var berre ordentleg rar.


Som sagt så var det mange forskjellige bokutsal, og den eg likte aller best var nok den i det lille busskuret. Den raude telefonkiosken var jo også ein god, gammal slagar! Me klarte utruleg nok å beherske oss med tanke på kor mange bøker me kjøpte med oss heim ;) Ei knallbra oppleving!

4 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Åååh, det ser jo ut som himmelen! Så artig konsept!

Silje sa...

Og artig er det! Ordentleg gøy, og for oss bokelskarar er jo dette heilt himmelsk! :D

neverendingcircles sa...

Det der må jo være plassen for meg. Kan jo bli en smule farlig da, med en hel bokby!

Silje sa...

He, he! ;) I Fjærland er det så himla mange bøker, så ein halv dag var eigentleg litt for lite til å sjå over alt. Bokbyen kan eg verkeleg anbefale! :D

Legg igjen ein fin tanke