7. jul. 2016

Sommarhår

På tysdag tok eg sykkelen fatt bort til frisøren. Eg hadde nemleg bestemt meg for at no var det på tide med ein liten sommarklipp. Som tidlegare nemnt er eg ikkje den som trivst best med langt hår. Ikkje at håret mitt var så veldig langt, men slitt i tuppane var det og litt for langt for min smak. Eg har hatt langt hår i periodar, som på vidaregåande, men å ha ein kortare frisyre er det eg liker aller best :) Som sagt, så gjort. Det øvste biletet er tatt før frisørturen, dei to andre etterpå (biletet i midten: styla av frisøren, det nedste biletet er utan styling). No kan sommaren berre komme!

3 kommentarer:

Ida sa...

Deilig å ha så kort hår! Du kler det skikkelig godt! Jeg har gaaanske langt hår og det er noe slit til tider, men jeg vet at jeg trives best med langt hår, så da får det bare være :p

Luisa Fernanda del Mar sa...

Så herlig! Du kler den lengden så godt :)
Trenger selv en klipp her..

Silje sa...

Tusen takk til begge to, Ida og Luisa! :D Diggar den lengda på håret, og det er litt ekstra godt no når sommaren og varmen er her (eller: når sola fyrst tittar fram i alle fall) ^^