20. jul. 2016

Frå Florø til Sjøholt via Geiranger

Vêret her på Sjøholt har vore heilt upåklageleg i dag, og me nytta difor sjansen til å ta oss ein ordentleg fjelltur. Målet var Giskemonibba på 687 moh. Heilt fantastisk tur sjølv om det var bratt på nokre av stadane og at sola varma godt! For akkurat ei veke sidan var me også ute på fjelltur, i alle fall på eit vis. Me køyrde nemleg langs Geirangerfjorden og Ørnevegen, som går opp på fjellet.


Blir like fascinert kvar gong når eg ser bustadar. Tenk at her har det antakeleg budd folk ein gong i tida. I løpet av bilturen, såg me mange slike plassar, kanskje særskilt i området rundt Sogndal.


Ein av plassane me stoppa på langs denne etappen, var ved utkikkspunktet Flydalsjuvet. Her fekk me god utsikt, både til juvet og til fjorden, og for ørtande gong på denne turen slo det meg kor vakkert det er her i landet, så veldig storslått. At naturen er like vill som den er vakker.


Å sjå utover Geirangerfjorden, på same måte som over Aurlandsfjorden, er eit syn ein ikkje kan sjå seg mett på. Og tenk: me køyrde opp dei svingane ein kan skimte til høgre på det nedste biletet!

Legg igjen ein fin tanke