25. juli 2016

Ute på Byneset 🌳

Etter lunsjen vår i Kristiansund, tok det nokre timar før me kryssa fylkesgrensa frå Møre og Romsdal og inn i Sør-Trøndelag. Men me var der no til slutt, og så var det litt ekstra stas å sjå skilt om fare for hjort. For slike skilt er ordentleg barndomsminne frå alle somrane på Hitra.


I dei dagane me var i bartebyen, budde me hos tanta til mannen min. Me fekk nokre gode karbonadar då me kom fram utpå ettermiddagen på fredag, men elles gjorde me lite den kvelden. Dagen etter derimot tok me turen ut til Byneset for å besøke ein barndomskompis av mannen min. Kompisen og familien hans har flytta til eit småbruk, og her har dei fått det så fint! Fekk kaffi og noko søtt medan me prata og berre slappa av. Etter kvart fekk me sett oss litt rundt på garden. Me fekk sett på og helst på høner som gjekk rundt på tunet, og også små kyllingar og vaktlar.


Andre dyr me helste på var kaninar og geiter. Kunne gjerne hatt ei geit med oss heim, for dei er så kule ;) Veldig triveleg og kjekt å vere ein tur innom venane våre og sjå korleis dei har fått det!

Legg igjen ein fin tanke