21. jul. 2016

Atlanterhavsvegen

Førre torsdag køyrde me frå Sjøholt i retning Trondheim. I staden for å ta "straka vegen", bestemte me oss for å køyre om Atlanterhavsvegen, ein av dei atten nasjonale turistvegane me har her i Noreg. Vegen går mellom Vevang i Eide og Kårvåg i Averøy og består blant anna av åtte bruer. Storseisundbrua nok er den mest kjente. Før sjølve turistvegen og bruene, køyrde me gjennom Bud.


Og plutseleg var me på sjølve vegen! Tok bilete i bilen medan me køyrde, for sjølv om det nokre plassar går an å stoppe for å ta bilete og sjå nøyare på vegen, er det andre plassar smalt, og det er litt tøft å få til nokre bilete når ein faktisk køyrer på vegen. Her på veg ned frå Storseisundbrua.


Vel over Storseisundbrua, stoppa me så vidt ved Eldhusøya for å ta nokre bilete av brua frå nordsida (me kom sørfrå om nokon skulle lure). Sidan me skulle nå båten som skulle ta oss over til Håholmen, der me altså skulle overnatte, hadde me ikkje supergod tid. Me bestemte oss difor at me skulle ta ein svipptur tilbake etter overnattinga for å gå rundt "svevestien" og ta nokre fleire bilete.


Som sagt, så gjort. Dagen etterpå, det vil seie førre fredag, tok me ein svipptur innom Eldhusøya for å gå på den fine utsiktsstien og sjå noko nøyare på brua og kart over Atlanterhavsvegen.


Stien var så fin og stilig at det faktisk blei fleire bilete av den enn av Storseisundbrua ;)


Før me til slutt køyrde vidare i retning Kristiansund og Trondheim, fekk eg tatt endå eit par bilete av Storseisundbrua. Brua er 260 meter og har tre spenn. På vår veke i bil, enda me opp med å køyre på tre av dei atten nasjonale turistvegane, nemleg Aurlandsfjellet, Geiranger og Atlanterhavsvegen. Kanskje skal målet vårt vere å krysse av for at me ein gong har køyrt alle?! Det hadde vore noko :)

0 kommentarer: