8. jul. 2016

Biletevegg i entréen

Må berre få vise fram siste nytt i heimen vår. Eller – nytt og nytt. Ein del av desse små bileta har hange på ein vegg i stova; både katten av keramikk og lysbåten har tidlegare hange på ein vegg i leilegheita som me budde i i Kr.sand. Men nok om det. I gangen vår står det eit garderobeskap frå den førre eigaren, eit skap me har tatt i bruk for alt det verdt. Ein magasinhaldar hang på kortveggen der bileta no heng. Sidan me ikkje brukte haldaren til noko spesifikt, tok me den vekk og fekk endeleg hengt opp katt, lysbåt og "polaroid"-bilete. Vanskeleg å sjå, men då eg tok bileta, stod eg inne på kjøkkenet. Rett til venstre for kortveggen kan ein skimte inngangen til stova. Diggar det personlege preget som møter oss kvar dag, som møter gjestane når dei trør inn i vår heim :)

Legg igjen ein fin tanke