25. jul. 2016

Bestemors Hage

Som eg skreiv i går: dagane fyk av garde fortare enn svint. Det at me reiste frå Håholmen i retning Trondheim, er allereie halvanna veke sidan! Men eg er ikkje på ferie for å blogge, så det gjer ikkje noko at innlegga kjem over ei veke på etterskot :) Før me kom oss over til Sør-Trøndelag, stoppa me i Kristiansund for å ete lunsj. Mannen min hadde funne eit par plassar han tenkte kunne passe, og til slutt blei det Bestemors Hage. Trur ikkje me angrar på det, nei. Plassen ligg nydeleg til ved Vanndamman, kjempekoseleg atmosfære både inne og ute, og salaten som me åt, var så stor at den funka jo nesten som middag! Absolutt ein plass me anbefaler og som me gjerne kjem tilbake til!

0 kommentarer: