19. jul. 2016

Med båt ut til Reksta

Dagane går så fort, og i dag er det akkurat ei veke sidan me var ute med båt og gjekk ein herleg, liten tur ute på Reksta i Florø. Før eg fortset med å vise bileta frå den turen, vil eg berre seie at me no er i Sjøholt etter å ha tatt hurtigruta frå Trondheim til Molde i går. Kjempeflott tur med MS Vesterålen! Turen rundt ein del av øya Reksta starta i Rognaldsvågen med ein is på kvar av oss frå nærbutikken. Litt feil rekkefølgje, men godt var det lell ;) Tok så beina fatt og byrja å gå. Me tok det ganske med ro, stressa ikkje, berre vandra rundt og naut vêret og det fine landskapet.

I løpet av turen blei det ein liten topptur på oss. Og når eg seier liten, så er det akkurat det eg meiner; det var berre opp til toppen som ein ser på det fjerde biletet. Topptur var det no uansett :)


Sjå så vakkert! Raude hus, blå himmel, grønt landskap. I løpet av den dryge veka på vegen med bil, har me sett så mykje fin natur, vilt, vakkert. Noreg er undervurdert som ferieland. Det er så mykje å sjå, så mykje å oppleve, og eg er veldig takksam for at me bur her, i eit så vakkert og trygt land.


Møtte nokre firbeinte skapningar. Og sjekk ut sauen på biletet i midten – øyra står rett til vêrs!


Blåklokkene vaia så fint i vinden, og eg trur eg snakkar for oss alle når eg seier at turen var heilt superduper! Åt lunsj i båten, den ein ser på det nedste biletet, før me kom oss tilbake til der dei bur.

2 kommentarer:

Ida sa...

Helt enig i at Norge er et fantastisk ferieland! Veldig mye spennende og fint å se rundt omkring, ikke minst hvis man er glad i natur.

Silje sa...

Det siste du seier der er nok ganske så riktig :) Me har sett så mykje vakkert på desse vekene, og heile turen er eit minne som sit igjen for livet ^^