13. juli 2016

Nasjonal turistveg Aurlandsfjellet

Neste del av den andre reisedagen vår kjem her. Blir jo alltid tatt ein heil haug med bilete på slike turar, og det tar litt tid å gå gjennom alle. Etter å ha stoppa i Gudvangen, køyrde me over nasjonal turistveg Aurlandsfjellet i staden for å køyre gjennom Lærdalstunnelen, verdas lengste vegtunnel, som me har køyrt to år på rad. Vakker natur, "galne" turistar og utsiktspunktet Stegastein.


Ved Stegastein gjekk me begge ut på gangbrua for å kikke utover Aurlandsfjorden. Akkurat som alle dei andre turistane. For som eg skreiv i går: "Er ein turist, så er ein turist". Turist i vårt eige land!


Til slutt var me komme opp på toppen av fjellet. Eg blir fascinert, bergtatt og ein smule rørt av å sjå eit slikt landskap. Kvar gong. Det er berre så ubeskriveleg vakkert, og for min del har dette vore eit av dei absolutte høgdepunkta på bilturen vår til no! I dag var det biltur frå Florø til Sjøholt via Geiranger, i morgon blir det Atlanterhavsvegen og Håholmen. Følgj gjerne med på Instagram.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Å være turist i eget land er virkelig noe av det beste! Så mye fin natur som vi har i Norge så går man ikke akkurat tom for ting å se på ;) Kos dere masse videre!

Silje sa...

Me har sett og opplevd så mykje fint i løpet av turen vår til no! ^^ Veldig avslappande å kunne ta oss tid til ein slik ferie i år etter mykje stress med jobb og skule :) No blir det overnatting på Håholmen før det er Trondheim i morgon! Håper du også har ein flott ferie!

Legg igjen ein fin tanke