19. jul. 2016

Kattar og brettspel ute på holmen




Etter å ha vore ute på tur, var det som nemnt tilbake til holmen der tante og onkel bur (framleis tilbakeblikk til dagane i Florø). Saman med mine slektningar bur det i tillegg to kattar, og her er Merida. Ordentleg two-face og litt skeptisk til oss framande. Men likevel veldig, veldig fin!


Like fine Pelle måtte jo også vere med på nokre bilete. Han ser kanskje litt skeptisk og skummel ut, men neida. Dette er ein katt som gjerne vil ha klapp og kos, og som dei kattepersonane me er, passa det oss heilt perfekt. Han fekk dimed ein god del klapp av oss der han låg i vindaugskarmen.


Både måndag kveld og tysdag kveld spelte nokre av oss brettspel, og "Alias", eller her "Party Alias", er som vanleg ein sikker vinnar, uansett om ein vinn eller tapar ;) Og som ein sikkert skjønner: me hadde nokre fine og kjekke dagar i Florø! Tusen takk for at me fekk komme på besøk!

2 kommentarer:

Ragnhild sa...

Finfin kombinasjon!

Silje sa...

Jepp, det må eg seie meg heilt einig i! :D