17. jul. 2016

Ei veke i bil = mange kjekke opplevingar!

Vanskeleg å skulle lage ei sundagsliste i korte punkt når det har skjedd så mykje på ei dryg veke! Sidan førre laurdag har me vore innom Haugesund, Bergen, Fjærland, Florø, Sjøholt, Håholmen og no Trondheim og Fosen. Ei veke på vegen med leigebil, ein bil som det nesten var trist å levere frå oss i dag. I morgon blir det Hurtigruta til Molde og så buss til Sjøholt, så sjølve bilferien vår er offisielt over. Har heldigvis litt ferie igjen enno, så eg skal ikkje klage :) Under har eg klart å finne fram eit par av alle dei fine tinga som har skjedd og som me har opplevd i løpet av denne juliveka:

✦ bu ute på Håholmen
✦ høyre på høyrespelet Tordivelen flyr i skumringen på bilturen
✦ seks fine prosjekt inspirert av blomar
✦ vere i Florø hos tante, onkel og søskenbarn, der me blant anna tok ein båttur ut til Reksta og var ute heile dagen
✦ køyre på Atlanterhavsvegen
✦ kunne gjerne ha besøkt alle desse bokbyane
✦ finne ei kul mugge på ein bruktbutikk i Kristiansund
✦ besøke kjentfolk ute på Byneset i går med fine dyr og godt selskap
✦ "Ditt finaste sommarminne" inne hos Sandra
ta hurtigbåten ut til nokre andre kjentfolk i Fevåg i dag, og der blei det ein minitur ved alle figurane i Bakstein i tillegg til grillmat og mykje prat
✦ høyre trønderdialekt
✦ bu hos tanta til mannen min her i Trondheim med Yatzy-spel om kveldane
✦ så kul kjole som Synne vis fram i dette blogginnlegget
✦ besøke bokbyen Fjærland
✦ køyre via Geiranger då me skulle frå Florø til Sjøholt

2 kommentarer:

Ida sa...

Høres ut som dere hadde en kjempefin tur ^^

Silje sa...

Og det har me så absolutt! :D