1. juli 2016

Lita bursdagsfeiring på Sola 🎂

Broremann hadde jo bursdag på måndag, heile tjuefire år! Det feira me med litt kake, pavlova og rullekake, og mykje kaffi heime på Sola. Bæra og frukten på pavlovaen var veldig gode og hadde så klare, sterke fargar. Og eg "måtte" berre ta bilete av den fine duken og den like fine kaffikoppen ;)


EM-kampen mellom Island og England blei spelt den kvelden. For det fyrste er eg ikkje så gira på å sjå fotballkampar på TV, og for det andre: når det blir så spennande som det det var på måndag, då klarer ikkje eg å sitje stille. Eg gjekk difor ut i hagen, tok nokre bilete av markjordbæra, av blomar og av den fine solnedgangen som spegla seg i det eine vindauget. Rett og slett magisk vakkert!

3 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ragnhild sa...

Nydelege bilete!

neverendingcircles sa...

Den pavlovaen så veldig god ut!! :)

Silje sa...

Tusen takk! ^^ Og ja, den pavlovaen var veldig, veldig god ;)

Legg igjen ein fin tanke