27. juli 2016

MS Vesterålen

Om ikkje så mange timar seier me "ha det" til Sjøholt og Sunnmøre og set kursen mot Bergen. Og som for halvanna veke sidan, kjem me til å reise med hurtigruta. Bileta i dette innlegget er altså frå turen vår mellom Trondheim og Molde. Me reiste med MS Vesterålen, ein av dei minste båtane.


Då me dro frå Trondheim, var det grått og litt surt ute, men ut måtte me likevel. Sjå på landskapet, kjenne vinden i håret, vinke farvel til bartebyen. Posere for fotografen måtte me jo begge to ;)


Interiøret inne i båten er prega av at skipet er av den litt eldre årgangen, men pyttsann. Koseleg er det no uansett, og så er det jo litt sjarmerande. Me sat ein god del i salongen som visast på dei øvste bileta. Bilete nr. tre er frå kaféen der me åt lunsjen vår, og det siste er frå panoramasalongen.


Nokre koppar med kaffi og ei god bok er alltid greitt når ein er på tur ;) Mannen min hadde tatt med seg den lille kikkerten, og då me sat litt oppe i panoramasalongen, tok han den fram og kikka ut gjennom vindauga. Ein kan såvidt skimte Atlanterhavsvegen på bilete rett over.


I Kristiansund var det sol og blå himmel. Gjekk ut for å trekke frisk luft og sjå utsikta over byen.


Fjell, fjell og høge fjell. Har sett mange av dei i løpet av denne lille Noregsturen vår.


Til slutt såg me land i sikte, nærmare bestemt Molde. Då var klokka halv ni på kvelden og me hadde seilt sidan ti om morgonen! Ferja over fjorden såg me også, og det aller siste biletet i dette innlegget er tatt nettopp på ferja. Så nydeleg solnedgang og ein fin start på ferien vår her på Sunnmøre :)

4 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Sandra sa...

De sista bilderna är ju fantastiska <3

Silje sa...

Tusen takk, Sandra! <3 Veldig fin tur med hurtigruta, og det er så mange plassar i landet som er så vakre at me skulle hatt endå meir tid til å berre sjå og utforske ^^

tea sa...

Så flotte bilder! Tror definitivt en tur med hurtigruta er noe jeg må prøve å få til en sommer.

Silje sa...

Avslappande og veldig fin måte å reise på samstundes som ein får sett mykje fin og vakker natur ^^

Legg igjen ein fin tanke