14. juli 2016

Fjærland Fjordstue Hotel

Tenkte eigentleg å ha berre eit blogginnlegg frå både hotellet og bokbyen i Fjærland, men den gong ei. Eg har visst tatt ein god del bilete (surprise) både av hotellet og frå vår lille tur rundt i bokbyen, så difor blir de to separate innlegg. I dag deler eg nokre bilete frå hotellet. Me budde på Fjærland Fjordstue Hotel (eller Fjærland Fjordstove Hotell som det står på nettsida) frå sundag til måndag. Rommet me budde på var ei herleg blanding av gammalt og nytt, og me sov som to steinar.


I fellesstova var det bøker på borda og endå meir i alle vindaugskarmane. Kunne fint ha sete der ein heil dag eller to med ei god bok i fanget, ein kaffikopp på bordet og små pausar innimellom der ein berre sit og ser utover fjorden. Me likte oss veldig godt her og kan trygt anbefale denne staden.


Og så detaljane. Kortstokk med James Bond-motiv. Gamle møblar, både gamle og nye bøker.


Klokka halv åtte var det middag, og det blei både forrett, hovudrett og dessert. Til forrett åt me spekeskinke, ein type geitost, brend brokkoli og honning. Hovudretten var hjort og til dessert var det ein god og spesiell heimelaga is med nøtter attåt. Det aller beste: bringebærlemonaden!


Tenk å kunne sitje ute på denne terrassen ein sein sommarkveld når vêret verkeleg viser seg frå si beste side. Hotellet ligg så fint til attmed fjorden, fjella er høge, naturen er vakker. Noreg altså!

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

For et fantastisk sted! Og den utsikten! Skjønner godt at dere trivdes der, så kjempefint ut ^^

Silje sa...

Fjærland er ein plass ein absolutt bør besøke om ein er i området! Eller, ein plass en bør besøke uansett, og då særskilt når ein er glad i bøker :D

Legg igjen ein fin tanke