12. jul. 2016

Voss og Nærøyfjorden i Gudvangen

To dagar er allereie gått sidan me køyrde frå Bergen og fram til Fjærland, og akkurat no er me i Florø. Eg har jo ei tante, ein onkel og to søskenbarn som bur her, og det å kunne stoppe innom kjentfolk er jo ein stor del av opplegget for turen vår :) Men før me kom hit, var det Aurlandsfjellet på sundag og bokbyen i går. Bileta får komme litt etter litt. Frå Bergen og til Fjærland tok me fyrst eit stopp i Voss. Sjå så fint det er, med ein steinbenk og -bord, lita strand og vakre fjell!


Før me køyrde inn i Gudvangatunnelen i Aurland kommune, tok me eit stopp ved Nærøyfjorden. To år på rad har me jo køyrt gjennom den Gudvangatunnelen på veg til Vinjerock, men då har me ikkje hatt tida til å stoppe sidan me skulle nå bussen frå parkeringa og inn til festivalområdet. Rett ved fjorden ligg det ein liten antikkbutikk. Mannen min fekk no i alle fall litt påfyll av kaffi og lefse.


Måtte jo posere på brua over fjorden saman med alle turistane. Er ein turist, så er ein turist ;) Veldig kjekt å kunne stoppe på slike stadar, sjå oss omkring, oppdage noko nytt minutt for minutt.

0 kommentarer: