24. jul. 2016

Sommar på Sunnmøre ☀️

Ei veke er allereie gått sidan me leverte leigebilen. Veldig kjekt å kunne reise frå stad til stad når me ville og kor me ville, men eg må vel også tilstå at det er heilt greitt å ta det med ro her på Sjøholt i ei dryg veke. Dagane går litt for fort, slik dei ofte gjer når ein fyrst har ferie ;) Er i alle fall godt å kjenne at skuldrene er senka, at me begge to berre kan sitje i sola eller i sofaen og slappe av med ei god bok. Stå opp, ta dagen som den kjem, ikkje ha nokre konkrete planar. Sundagslista kjem her:

✦ ta hurtigruta frå Trondheim til Molde – ein veldig behageleg måte å reise på
✦ verdas skjønnaste små dovendyrungar
✦ gå tur opp til Giskemonibba, nyte den fine utsikta og ein heilt herleg tur
✦ å le litt av denne videoen med "carpool karaoke"
✦ lese ut den femte boka om Louise Rick ute i hagen her hos svigers
✦ "Om å være lykkelig" – eit bra, viktig og velskriven blogginnlegg inne hos Maria
✦ gå barbeint ein heil dag
✦ her er det kanskje nokre hint til kva ein gi til ein Harry Potter-fan som meg til jul ;)
✦ nyte varme sommardagar
✦ stikke ein tur til Molde for å sjå rundt i byen og høyre på Moldejazzen, blant anna Lærlingan
✦ også i Molde: besøke to ganske store og fine bruktbutikkar
✦ kafébesøk på Tante Bruun i Ålesund, vår stamkafé når me er i distriktet
✦ så vakre bilete og like vakker videosnutt og tekst om ei truloving inne hos Jonna
✦ ta bilen ut til Langevåg for å sjå etter kupp på Devoldfabrikken
✦ sjå den fine og herlege Pixarfilmen Inside Out

2 kommentarer:

Maria sa...

Høres ut som du har hatt en fin sommer :-)

Tusen takk for link :-) Det satte jeg stor pris på.

Silje sa...

Me har hatt det kjempefint ute på tur langs ein del av Noreg :) Berre hyggeleg å kunne dele slike innlegg vidare ^^