9. juli 2016
Koffertane er pakka
Sånn ser det ut når me pakkar koffertar. Medan dette innlegget blir posta (for jo, det er førehandspublisert), sit me i bilen på veg til Haugesund og etter kvart Bergen. Har leigd oss ein bil fram til neste helg. Det blir stopp i Haugesund, Bergen, Fjærland, Florø, Sjøholt og Trondheim. Det er i alle fall dei stoppa me veit om, for me kjem til å ta turen litt som det kjem, stoppe der det ser fint ut eller der me treng ein pause. Etter å ha vore i bartebyen, skal me ned igjen til Sjøholt for å vere hos svigers ei stund. Blir kjekt å ta ferie, komme oss litt ut av byen, for med alt som har skjedd på skule og jobb, har me vore litt låst til byen i fyrste halvdel av dette året. Men no er det ferie!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Velkommen til Bergen og god tur videre!! :)
Tusen takk, kjære deg! 😄
Legg igjen ein fin tanke