25. juli 2016

Minitur ved Bakstein på Fevåg

Me har jo ein del kjentfolk i Trøndelag, og då me var der førre helg, viste det seg at tremenningen var heime. Ho og familien bur i Fevåg på Fosenhalvøya, noko som vil seie at for å komme dit måtte me ta hurtigbåt eller ferje. Me leverte fyrst frå oss leigebilen før me rett og slett tok hurtigbåten frå sentrum og over til Vanvikan. Vêret var ikkje det aller beste, så då passa det best med ei god bok. Tremenningen min og dottera hennar på tre år henta oss på kaia, og vel framme i heimen deira var det litt lysare ute. Fin utsikt til sjøen og nokre tiurfiguar måtte eg berre fange med kameraet.


Sidan det var opphold og sånn sett greitt vêr, dro me alle ned til Bakstein, eit friluftsområde som i fjor blei kåra til det finaste i nærleiken. Grunneigaren har laga figurar i både betong og tre og sett dei ut langs ein liten sti. Dei figurane i betong som ein kan sjå over, er havfruer og sjølvaste huldra.


Så mange artige figurar! Vanskeleg å dele berre nokre få, så eg laga tre kollasjar i tillegg til enkelståande bilete. Her ser ein både Knerten og kjerringa frå "Reve-enka". Eventyret om dei tre bukkane Bruse er også med og elles mykje anna morosamt. Og så mange detaljar ein kan sjå etter!


Før me drog tilbake for å ete middag (grillmat stod på menyen), tok tremenningen min eit par bilete av mannen min og meg under ein slags kjærleiksportal. Synest det andre biletet av oss er ganske så morosamt, for han ser jo nesten litt trist ut medan eg flirer og gir han eit kyss :) Etter ein betre middag og kaffi etterpå, blei me køyrt til båten. Nok ein fin dag med herlege folk!

Legg igjen ein fin tanke