1. aug. 2024

Fast kaffistopp ☕️




Når me fyrst er her hos svigers, er Stolt Mat blitt eit fast besøk for vår del. Eg synest det er så gøy at Sjøholt har fått denne perla langs vegen. Me drog ned til sentrum i går, tinga kvar vår cappuccino og eit kakestykke. Sat ei stund og las i kvar vår bok medan me koste oss med kaffien og noko attåt. Retrointeriøret og den heimekoselege atmosfæren, dei alltid smilande folka bak disken, alle dei gode, lokale varene (ganske stort utval!), og no også dei knallflotte korta frå Marieke ten Berge. Ein kafé og butikk som får meg til å smile breitt, kvar einaste gong me stikk innom.

Legg igjen ein fin tanke