4. aug. 2024

Ferielesing på Sunnmøre








Skulle gjerne hatt ei heilt eiga sundagsliste eller to for interrailturen vår, men vekene på togtur er allereie over og eg tenkjer det får så vere – det kjem likevel til å komme ein heil haug med innlegg og bilete frå turen etter kvart. Vår siste heile ferieveke er snart over, og om ein ser bort frå måndag, har me vore heile veka hos svigers på Sunnmøre. Hatt eit par utflukter og samstundes fått senka skuldrene. Kaffi og lesing etter frukosten om morgonane, lesing på kafé og ute i hagen. Superkoseleg når også min betre halvdel har dilla på å lese slik at me har fått mange gode lesestunder i lag. Ordentleg ferieaktivitet. Tenkjer eg lar resten stå i ei lita liste, du veit – ei sundagsliste:

har lese mange sommarbøker også i år, og The Summer Skies av Jenny Colgan var ei av desse
vestlandsk landskap på veg frå Stavanger til Sjøholt
lese Sense and Sensibility av Jane Austen (og faktisk besøke huset hennar i England!)
ikkje at eg følgjer veldig med på OL, men Celine Dion som song "Hymn à l'amour" var rørande
stikke innom Kyrkjetorget, alltid mykje kjekt å oppdage der
iskremtur til Ålesund, for Lamella sin is er veldig god
"Sit Down, You're Rockin' the Boat" frå Guys and Dolls er ei song eg får ordentleg på hjernen 
finne ei ny turjakke då me var på Devoldfabrikken i Langevåg
så utruleg stilig med norsk OL-gull i tikamp
fargerikt glas i mange variantar hos Celsius Glasstudio ved Devoldfabrikken
ferieinnlegget inne hos Ei blå stugu, så fin lesing 
vakker, sunnmørsk solnedgang 
Sally Pages The Keeper of Stories var ei litt fin og spesiell leseoppleving
geitene langs vegen då me køyrde frå sør til nord på tysdag
må berre dele ein videosnutt av den beste pusegjengen også i denne sundagslista
gøy å høyre på vår eiga roadtripliste når me er ute og køyrer
jugendstilen i Ålesund
bading i Hundågjølet
kaffi, kake og lesestund nede på Stolt Mat
og lesestund ute i hagen ein av dagane då sola skein
Savor It er fjerde boka eg les av Tarah DeWitt, og likte både den og konfekten frå England

Legg igjen ein fin tanke