13. aug. 2024

Museum Speelklok



Lurer på om Museum Speelklok i Utrecht var det kulaste me såg i løpet av togferien: eit heilt eige museum for speledåsar, lirekasser og store, sjølvspelande instrument! Mannen min titta på Google Maps for å sjå kva me kunne gjere i byen, og fann plutseleg dette museet. Nydelege urverk og små detaljar, store orgel og heftig musikk – klikk på videoen, så skjønner du kva eg meiner – og eg fall litt ekstra for klokka med kuppelen der fuglane song og vatnet rann. Og det flotte taket rett under:




Viss ein vil, kan eg gå rundt og utforske mykje sjølv, og særskilt i eit av romma var det mykje me som gjestar kunne trykke på for å sjå korleis eit instrument fungerte. I tillegg er det jamnleg guida turar, og då får ein vite endå meir om dei ulike instrumenta i tillegg til å høyre fleire av dei store spele av seg sjølve. Det aller kulaste var då me fekk høyre Queen-songen "Another Bites the Dust" i ein ganske anna versjon, tihi! I våre øyne var i alle fall dette eit veldig fascinerande museumsbesøk.

Legg igjen ein fin tanke