2. aug. 2024

Til Nederland gjennom Tyskland






Stod opp tidleg og åt frukost på ferja. Greit å unngå det største trøkket, og dimed hadde me tid til å lese litt i lugaren før me var framme i Kiel klokka ti om morgonen. Tok litt tid å komme seg av båten og ut frå terminalen, men me rakk fint det toget me hadde tenkt å ta. Turen gjekk frå Kiel til Utrecht med bytte i Hannover, Deventer og Arnhem. Hestar og kornåkrar, etter kvart store vindmøller (ikkje med på bileta), og mykje lesing. Ein ordentleg togdag. Vel framme i Utrecht i Nederland, måtte eg knipse eit bilete av eit skilt på togstasjonen: vrouwen er visst det nederlanske ordet for kvinner. I våre øyre er det eit artig språk. Me kom fram i halv åtte-tida om kvelden, kjøpte noko enkel mat til å ete på hotellrommet, fann hotellet og sjekka inn. Og slik var feriedag nummer tre.

Legg igjen ein fin tanke