Kaffi i ein favorittkopp. Lesing i lange banar. Stikke innom Stolt Mat og finne knallgod saft og eit flott kort. Regn på ruta ute, men hygge inne. Dagar på Sunnmøre hos svigers. Feriedagar som gjekk så utruleg fort. Me byrja på heimreisa i går, og kom heim utpå ettermiddagen i dag. Køyreturen og overnattingsplassen var heilt superb, så jepp, akkurat som interrailturen, vil det komme innlegg med fleire bilete her på bloggen. Er det berre eg som alltid tar litt for mange bilete på slike turar?!
På torsdag var me innom Ålesund og Devoldfabrikken. Koseleg å gå litt i gatene i Ålesund, titte på alle bygga i den særeigne jugendstilen og alltid så mykje fint å sjå om ein besøker Celsius Glasstudio. Å bade i Hundågjølet var eit høgdepunkt, heilt herleg! Ein liten tur i fjæra blei det også tid til.
Gamle bøker og ein blank lysestake hos svigers – eg fekk assosiasjonar til Beauty and the Beast, tihi. I ei hylle fann eg ei bok der Olav H. Hauge har omsett fleire kjente dikt, mellom anna "Ring Out, Wild Bells" av Alfred, Lord Tennyson, eit dikt eg enno hugsar frå ein Stompa-filmane. Ferielesing ute i hagen ein av dagane då sola titta fram. Kveldshimmel og retrogardin. Seinsommar på Sjøholt.
4 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Du fikk noen veldig fine, romantiske bilder av Ålesund og generelt egentlig. Også DEN fine bokhylla med gamle bøker og lysestaken. Jeg tror jeg har samme smak som svigerforeldra dine :D
Arkitekturen i Ålesund er jo heilt spesiell etter bybrannen i 1904. Og alle dei gamle bøkene i den blå bokhylla, er jo noko for oss bibliofilar ;)
Litt seint svar, kanskje. Men har ikke lest dette før nå. Som vanlig noen kjente objekter her på sida etter at dere har vært på besøk :-) Men aldri i verden om jeg kunne finne på å ta bilde av det gamle bokskapet! Det måtte nok en bokelskende Silje til for å finne på noe slikt :-) Mange gamle, ærverdige bøker der, ja. Og til Anna: du må gjerne komme på inspeksjon... :-)
Bokskapet med lysestaka var som tatt ut av Disney-versjonen av "Skjønnheten og udyret", så den berre måtte eg knipse eit lite bilete av ;) Og ja, nokre av motiva går igjen, akkurat slik det skal vere! :) God sommar vidare til alle der oppe! :D
Legg igjen ein fin tanke