16. aug. 2024

Sommarstemning i ein nederlandsk by



Hotellet me budde på, ligg inne på eit kjøpesenter (ja, faktisk, og me syntest det funka veldig bra), og senteret er rett ved togstasjonen. Blikkfanget var dei store bobleliknane greiene som fungerte som eit tak, både rart og kult å titte opp og stire på dei. Mange flotte kjolar og klede i den bruktbutikken me passerte med kanalbåten, og eg fann ein herleg sommarkjole som eg heller får vise fram ved eit seinare høve. Og så syntest eg filmteaterbygget var utruleg stilig med ein ekte filmfont.
 

Smakte godt med ein is i varmen medan me vindaugsshoppa i fleire butikkar. Lesestund på hotellet (dei hadde ein heilt perfekt leseplass i vindauget inne på hotellrommet), og i ein butikk me var innom, såg eg fleire bøker av Tove Jansson. Utpå ettermiddagen blei det lesestund på kafé med god cappuccino – tviler på at kaffien var norsk, men litt artig at kaffimerket heitte Nordkapp. Liten drink blei det også medan me sat på kaféen og las side etter side. Utrecht er ein passe stor by med kjekke opplevingar, og me hadde det fint der. Kvelden blei avslutta med god middag og sidan pakking.

Legg igjen ein fin tanke