6. aug. 2024

Tåkeheim på Vikafjellet



Biltur på nye vegar. I alle fall nye vegar for oss. Me byrja som nemnt heimturen på sundag, men me ønska å dele opp turen over to dagar. Difor hadde me også litt betre tid, og valde å køyre ein annan veg. På store delar av turen fekk me tåke og gråvêr – typisk Vestlandet – likevel fekk me auge på kyr (dei stod midt i vegen!), eg prøvde å knipse bilete av eit grått uthus blant all tåka (klarer du å sjå det?!), og ein annan plass var det blikkstille vatn. Eit typisk vestlandsk landskap spegla seg i vatnet.
 


















Etter to ferjer og fleire timar på vegen, skulle me køyre over Vikafjellet mellom Vik og Voss. På veg opp, blei det ikkje mange bilete, for plutseleg var me verkeleg inne i tåkeheimen. Tåla låg ganske tjukt, og me køyrde roleg eit godt stykke. Litt etter litt letna det, og me måtte til og med stoppe for å nyte synet av vidda. Og både sauar og fossar høyrer med når me køyrer på norske fjellovergangar.





Målet for dagen, var Breievne Gard i Hardanger. Me var supernøgde med opphaldet, og det fortener eit eiga innlegg. Hardanger er lett å kjenne igjen: det er plomme- eller epletre ved nesten kvart einaste hus ein køyrer forbi! Fyksesund bru frå 1937 var gøy å køyre over. Middagen tok me på ein restaurant i Nordheimsund. Åt ein is til dessert på brygga medan me berre titta oss omkring.

Legg igjen ein fin tanke